Content-Type: text/html
Positiva signaler från våra norska kolleger:

For første gong på 10 år er utlånet av bøker i norske folkebibliotek stabilt. I 2015 blei det lånt 16,8 millionar bøker frå norske folkebibliotek. Dette er heilt likt med 2014.– Biblioteka har lagt ned eit stort arbeid og ser ut til å lukkast med den offensive litteraturformidlinga, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Totalt blei det registrert 22,4 millionar besøk i norske folkebibliotek i 2015. Det er éin million og 4,6 prosent meir enn året før. Auken i talet på arrangement held også fram. I 2015 var det nær 22 000 arrangement i folkebiblioteka, ein auke på 18 prosent frå 2014.

– Alt dette heng saman. Når biblioteka har fleire arrangement, aukar besøket og biblioteka kan formidle meir litteratur. Neste år vil me for fullt sjå effekten av den nasjonale bibliotekstrategien, då trur me aktiviteten aukar enno meir, seier Sira Myhre.

https://bibliotekutvikling.no/nyheter/biblioteka-stoppar-nedgangen-bokutlanet/

Jan

--
Jan Szczepański
F.d Förste bibliotekarie och chef för f.d Avdelningen för humaniora,
vid f.d. Centralbiblioteket, Göteborgs universitetsbibliotek
E-post: [log in to unmask]" target="_blank">J[log in to unmask]